Spindel gav ut plata med same namn i 2001 og fekk då med seg tre fantastiske musikarar som sidan har vore med å prege uttrykket og sounden i Spindel. Når vi held konsertar prøvar vi stort sett å gjere det som Spindel Band då det er dette vi kjenner gjev mest igjen både for oss og publikum.
Desse utgjer Spindel Band: Liv Merete Kroken og Sigrid Moldestad Hardingfeler/feler /vokal
Olav Tveitane er frilansmusikar, student ved Etnomusikologi ved UIB og lærar ved Etnomusikk-linja ved Fana Folkehøgskule. Han har si utdanning frå musikk-konservatoria i Århus og Bergen og har vore med i mange prosjekt og grupper; Fliflet/Hamre Energiforsyning, Frimann, Tørvikbygd m.fl Olav spelar kontrabass, gitar og cister i tillegg til å synge.
Dagfinn Andersen er frå Arna utanfor Bergen og har orgel/piano som hovudinstrument. Han har vore organist i m.a Hornindal Kyrkje og har dirigert kor. Han skriv mykje musikk og komponerar bestillingsverk til jubileet for Hornindal Kyrkje hausten 2006. Dagfinn og Liv Merete spelar også saman i gruppa Verables.
Ivar Kolve er ein allsidig perkusjonist som har utdanning si frå konservatoriet i Bergen i tillegg til studieopphald i USA m.m. Han har sin eigen kritikarroste trio og har gjeve ut to plater med denne. Han har jobba med Bergen Filharmoniske Orkester, Kvinner på Randen, Ylvis, m.fl Han har turnert mykje med rikskonsertane og har komponert teatermusikk for m.a forestillinga om ”Ronja Røverdatter” på Den Nasjonale Scene i Bergen. www.ivarkolve.com