Liv Merete Kroken og Sigrid Moldestad starta å jobbe som duo i studietida ved Spelemannsskulen, Ole Bull Akademiet i 1996-98. Vi spelar hardingfele/fele og det er musikken frå vår vestlandske tradisjon vi har som ”rot”. Vi opplevde ein musikalsk kjemi og ei slags musikalsk ”forelsking” då vi møttest og jobbar fortsatt svært godt saman. Som duo gjer vi enkeltoppdrag, vi har ei barneforestilling ”Perry Hopper-i tida” og vi har jobba ein del saman med artisten Christine Gulbrandsen m.a i Eurosong 2006 i Aten.
Liv Merete Kroken er fødd i 1976 og kjem frå Hornindal Kommune i Sogn og Fjordane. Kjem frå ei musikalsk slekt med fleire spelemenn. Hennar viktigaste læremeister er faren; Erling Kroken. Har gått musikklinje på Firda Vidaregåande Skule og jobba mykje med Unni Løvlid, ikkje minst i trioen Fjøgl. Har elles vore innom Honndalen Soul-og Funkarlag, samtidskomponistar og gruppa Verables. Kombinerar musikk og sjukepleiestudiar i Bergen. Bur i Arna m sambuar.
Sigrid Terese Moldestad er fødd i 1972 og kjem frå Breim i Sogn og Fjordane. Har lært mykje av sin hovudlæremeister John Oddvar Kandal. Har jobba i NRK før ho vart frilansmusikar i 2000. Statens Arbeidsstipend for yngre folkekunstnerer 2001 og 2002. Mottok Spelemannspris saman med trioen ”Gamaltnymalt” i 2005. Har spelt og sunge med m.a Merit Hemmingsson ( Plata ”Spelmann” 1996), Kandals Orkester ( plate i 1997) i tillegg til prosjekta med Liv Merete i Spindel og Fjøgl. Har også vore solist ved fleire cabaretar med Breimskoret, særlig vart rolla som Edit Piaf oppskatta av presse og publikum i 2002. Busett i Åsane utanfor Bergen m sambuar og 2 born.